Kva er Hus Trening?

Eg tilbyr personleg trening heime og digital kosthaldsrettleiing for deg som ønskjer tett, trygg og personleg oppfølging tilpassa deg og kvardagen din. Målet er å gjere det enklare å skape gode vanar som varer – gjennom trening, kosthald eller ein kombinasjon av begge.

Kven passar PT heime for?

PT heime passar for deg som ønskjer trygg, tilpassa og effektiv trening i eigen heim. Dette kan vere eit godt val både for deg som vil kome i betre form, for deg som ønskjer meir energi i kvardagen, og for deg som har behov for tett oppfølging, lågare terskel og ei løysing som er lett å gjennomføre. Trening heime gjer det enklare å prioritere eiga helse i ein travel kvardag.

Korleis fungerer PT heime i praksis?

Eg kjem heim til deg og tek med utstyr, slik at du slepp å tenkje på transport, planlegging og utstyr sjølv. Du får ei økt som er tilpassa nivået ditt, måla dine og kroppen din, og som er laga for å vere både trygg, effektiv og gjennomførbar i kvardagen.

Tilbyr de gratis prøvetime?

Alle får ein gratis prøvetime. Trykk her for å kontakte meg om ein gratis prøvetime

Kva kostar PT heime?

Trykk for pris og tilbod. Eg tilbyr fleire varianter av PT heime, og kan og skreddersy på førespurnad. Du kan og få PT heime tilsaman med digital kosthaldsrettleiing.


PT30: 350 kr
PT60: 700 kr
PT Duo: 1050 kr

Har de klippekort eller pakkeløysingar på PT?

Ja. Eg tilbyr rabatterte klippekort på PT30, PT60 og PT Duo med 3 eller 5 klipp. Prisane som ligg ute no er:
PT30, 3 klipp: 865 kr
PT30, 5 klipp: 1400 kr


PT60, 3 klipp: 1890 kr
PT60, 5 klipp: 2975 kr


PT Duo, 3 klipp: 2680 kr
PT Duo, 5 klipp: 4470 kr

Kva er PT Duo?

PT Duo er personleg trening heime for to personar saman, til dømes partnar, ven eller familiemedlem. Dette passar for dykk som ønskjer å trene saman, motivere kvarandre og få tett oppfølging i kjende omgjevnader. Dette er ei sosial og tilpassa 60-minutts økt.

Kven passar digital kosthaldsrettleiing for?

Digital kosthaldsrettleiing passar for deg som ønskjer enkle, sunne og realistiske løysingar i ein travel kvardag. Perfekt for deg som ønskjer meir struktur, meir energi, hjelp med vektregulering, tett oppfølging, betre vanar og eit kosthald som faktisk passar livet du lever.

Kva får eg med digital kosthaldsrettleiing?

Du får personleg tilpassa kosthaldsrettleiing og program, enkle og sunne løysingar for ein travel kvardag, digital oppfølging, justeringar undervegs, støtte, struktur, motivasjon og hjelp til å byggje vanar som varer.

Kva kostar digital kosthaldsrettleiing?

Prisen for digital kosthaldsrettleiing 1490 kr per månad.

Tilbyr du gratis kartleggingssamtale på kosthald?

Ja. På sida for digital kosthaldsrettleiing kan du booke gratis kartleggingssamtale. Det startar med ein prat om måla dine, kvardagen din og kva du ønskjer hjelp med.

Korleis fungerer digital kosthaldsrettleiing i praksis?

Digital kosthaldsrettleiing byrjar med ei gratis kartleggingssamtale. Deretter får du eit personleg opplegg tilpassa deg akkurat deg og din kvardag, og ikkje eit standardprogram. Vidare får du digital oppfølging, slik at me kan justere undervegs for å hjelpe deg med å halde fram over tid.

Må eg følgje ein streng diett?

Nei. Dette ikkje handlar om å vere perfekt, men om å finne noko som fungerer. Fokus er på vanleg mat, gjennomførbare løysingar og gode vanar som passar kvardagen din.

Kan eg få hjelp både med trening og kosthald?

Ja. Du kan få hjelp gjennom trening, kosthald eller ein kombinasjon av begge. God og riktig kosthald kombinert med trening er ein god start på vegen til ein betre kvardag.

Kva slags erfaring og kompetanse har Kristine?

Eg er utdanna helse- og treningsterapeut, med over 20 års erfaring i treningsbransjen. Eg er ernæringsrådgivar og har brei erfaring innan rehabilitering, førebygging av skadar og livsstilsendringar.

Les mer om meg her

Kan eg få hjelp dersom eg har skadar, smerter eller er i opptrening?

Ja. Eg har lang erfaring med rehabilitering, mellom anna med ryggplager, skuldersmerter, kneproblem og livsstilssjukdommar. Eg samarbeider gjerne med behandlaren din dersom det er behov for det.

Korleis bestiller eg?

På nettsida kan du enten booke direkte via knappene på sida, eller ta kontakt på kristine@hus-trening.no. For digital kosthaldsrettleiing, trykk her, og for personlig trening trykk her.

Korleis betaler eg?

Du kan betale via faktura, Vipps og Apple pay.

Kvar held de til?

HUS Trening tilbyr PT heime, si utgangspunktet for PT heime bør vere i nærleiken. Digital kosthaldsrettleiing kan gjennomførast uavhengig av kvar du bur, sidan oppfølginga skjer digitalt.

Korleis veit eg kva tilbod som passar best for meg?

Er du usikker, kan du starte med gratis prøvetime dersom du vurderer PT heime, eller gratis kartleggingssamtale dersom du vurderer digital kosthaldsrettleiing. Då får du hjelp til å finne ei løysing som passar nivået ditt, måla dine og kvardagen din.