Trening som er skreddersydd for deg -heime hos deg

Personleg trening med tett og tilpassa oppfølging

For deg som ønskjer betre helse, meir energi og ein sterkare kropp i kvardagen. Med 20 års erfaring som personleg trenar får du trygg, målretta og personleg oppfølging tilpassa deg, nivået ditt og måla dine.

PERSONLIG TRENING MED KRISTINE

  • Kven passar dette for?

    Personleg trening passar for deg som:

    - ønskjer å kome i gang med trening

    - vil bli sterkare og få meir overskot

    - ønskjer trygg oppfølging og meir struktur

    - vil ta vare på kroppen og førebyggje plager

    - ønskjer hjelp til å skape gode og varige vanar

    - vil ha eit opplegg som faktisk passar inn i kvardagen.

    Ta kontakt, så finn me saman ut kva som passar best for deg.

  • Kvifor velje meg?

    Eg er utdanna helse- og treningsterapeut og har over 20 års erfaring som personleg trenar. Gjennom mange år har eg jobba med menneske i ulike fasar av livet og med ulike mål.

    Eg har brei erfaring innan rehabilitering, skadeførebygging og oppfølging av menneske med livsstilsutfordringar som overvekt, diabetes, høgt blodtrykk og hjarte- og karsjukdommar. Denne erfaringa tek eg med inn i kvar økt, slik at treninga blir både trygg, målretta og tilpassa deg.

    Eg brenn for å hjelpe menneske som ønskjer varige livsstilsendringar. For meg handlar det om å sjå heile mennesket og finne løysingar som faktisk fungerer i kvardagen.

    Hos meg skal du kjenne deg trygg, ivareteken og motivert – uansett utgangspunkt.

    Alle har ulike behov, ulik bakgrunn og ulike mål. Difor skal heller ikkje trening vere lik for alle.

    Hos meg får du personleg oppfølging med fokus på kvalitet, tryggleik og framgang. Anten du ønskjer å kome i gang, byggje styrke, førebyggje plager eller skape gode vanar, legg me opp treninga slik at ho passar til deg og kvardagen din.

    Bli betre kjend med meg!

  • Prøvetime

    Ein god stad å starte for deg som ønskjer å kome i gang.

    I prøvetimen blir me betre kjende, ser på mål og behov, og gjennomfører ei økt tilpassa deg. Dette gir deg eit godt grunnlag for å vurdere vidare oppfølging.