Digital kosthaldsrettleiing
Dette er for deg som ønskjer å ete sunnare, få meir energi, hjelp med regulering av vekt, få meir struktur på kosthaldet, treng hjelp med ernæring i forbindelse med sjukdom, eller berre kjenne at du ønskjer betre kontroll i ein travel kvardag.
Her handlar det ikkje om strenge dietter eller kompliserte reglar – men om å finne ei løysing som er skreddersydd deg, og kvardagen din.
“å hjelpe deg på vegen til å skape gode, varige vanar for eit sunt kosthald som fungerer i kvardagen”.
Målet mitt er:
-
Eg har mastergrad frå Noregs idrettshøgskule innan helse og trening, og over 20 års erfaring med å hjelpe menneske til betre helse, gode rutinar og varige endringar.
Eg har mellom anna jobba som kosthaldsrådgjevar i Grete Roede, treningsspesialist i Fedon-klubben, livsstilscoach, innan rehabilitering på Sunnaas, og som personleg trenar – både som tilsett og i leiarrolle.Hjå meg får du kosthaldsrettleiing bygd på solid fagkunnskap, lang erfaring og tett oppfølging. Du får ikkje ei standardløysing, men råd som er tilpassa deg, kvardagen din og måla dine – slik at endringane blir realistiske, gjennomførbare og varer over tid.
-
Digital kosthaldsrettleiing gir deg fridom, fleksibilitet og tett oppfølging utan at du treng å møte opp fysisk. Du får hjelp der du er, med løysingar som er enkle å bruke i ein travel kvardag.
I staden for å prøve å finne ut av alt åleine, får du rettleiing, struktur og oppfølging undervegs. Når du får hjelp til å justere kursen, blir det lettare å halde fram – også når kvardagen ikkje går heilt etter planen.
Dette får du:
gratis kartleggingssamtale
personleg kartlegging
individuell plan tilpassa kvardagen din og dine behov
enkle måltidsforslag og struktur
digital oppfølging undervegs
justeringar når livet endrar seg
støtte, ansvarleggjering og motivasjon
Kosthaldsrettleiing som passar kvardagen din
Passar for deg som:
vil ha sunnare rutinar utan streng diett
har ein travel kvardag og treng noko som er gjennomførbart
ønskjer meir energi, struktur og støtte undervegs
vil ha hjelp som er tilpassa deg, ikkje ei standardløysing
Steg 1:
Gratis kartleggingssamtale
Vi startar med ein prat om måla dine, kvardagen din og kva du ønskjer hjelp med.
Slik fungerer det
Steg 2:
Personleg opplegg
Du får eit digitalt opplegg som er tilpassa deg, ikkje eit standardprogram som passar “alle”.
Steg 3:
Digital oppfølging
Eg følgjer deg opp digitalt, slik at du får hjelp til å halde fram og justere undervegs.
Pris og tilbod:
Pris:
1 490 kr
Pakka inneheld: Kartleggingssamtale, kosthaldsprogram, samt ein digital rettleiing undervegs.
Dette handlar ikkje om å vere perfekt
Du treng ikkje ete perfekt for å få resultat. Du treng ikkje starte med alt på ein gong. Og du treng ikkje vente til livet blir rolegare.
Det du treng, er eit opplegg som gjer det lettare å ta gode val i den kvardagen du faktisk har no. Når kosthaldet blir enklare, meir oversiktleg og meir tilpassa deg, blir det også mykje lettare å halde fram. Det er då resultata byrjar å vare.
Klar for å gjere kosthald enklare?
Du treng ikkje meir forvirring, fleire “start på nytt”-forsøk eller eit opplegg som ikkje passar kvardagen din. Du treng ei enkel, personleg og gjennomførbar løysing som hjelper deg å ta gode val – også når kvardagen går fort.
Med digital kosthaldsrettleiing frå HUS Trening får du støtte, struktur og oppfølging som er laga for verkelege liv og varige resultat.